Kjønn

Illustrasjon: Knut Løvås

 

Er det enkelt å vite om jeg er kvinne eller mann? Ja, det er lett å vite ut fra eksteriørmessig design for de fleste. Ja, jeg er en kvinne - det kan sees. Eller jeg er en mann - det kan sees.  Det er vanskeligere å vite om «jeg tenker, føler og handler» som en kvinne eller om jeg «tenker, føler og handler» som en mann. Jeg synes det kan være vanskelig. Og, jeg tror ikke jeg er alene om det. For hvem har egentlig svaret? Hva er kvinnetanker og kvinnefølelser i motsetning til mannetanker og mannefølelser?   

Mye handler om stereotypier, kultur og myter. Jeg føler meg ofte som kvinne, men innimellom tror jeg at mine tanker og holdninger er mer «maskuline». Slik tror jeg det er for de fleste.

Artikkelen som er kopiert fra Klassekampen i dag fasinerer meg. Det er historien om Francine som er født for 58 år siden. Da het hun Fred. Francine levde inni Fred i 52 år fordi Fred ikke kunne eller ville vedkjenne seg eksistensen av Francine. Men, Francine måtte ut. Hun ble født for fem-seks år siden.

Fred var sjenert, trist og sinna. Francine framstår helt motsatt, selv om hun sikkert ikke gjør det når depresjonene rir henne. Nå har Francine kommet dit hun måtte og ville, og hun er fri dersom fri er å ville det en må.  

Artikkelen står i Klassekampen fredag 16. januar. Jeg fikk den tilsendt av redaksjonen i pdf-format og gjengir den her:

Tekst: Stephen Walton

Illustrasjon: Knut Løvås

Sist eg (Stephen Walton) var innom her (Klassekampen), skreiv eg om den kanadiske bareigaren George. Denne gongen skal de få treffe veninna hans, Francine.

Dei leve i lag på eit berg, med ei utsikt over den meksikanske stillehavskysten som er til å døy for. Eg fekk auge på Francine frå stranda, og det var ikkje vanskeleg. Ein dag dukka det opp ein raudbrun kropp med langt, knallblondt hår. Neste dag var kroppen krona av langt, ramnsvart hår. Ho vandra att og fram mens ho kjederøykte, stilte seg ut, kan ein vel seie, og dei to ferme puppene var ikkje til å sjå forbi, sjølv om ho stod eit stykke unna. Dei var rett og slett eit blikkfang.

Francine er raus med historia si, ho har også dels lagt ho ut på nettet. Og ho framstår som både lattermild, blid, og klok, i tillegg til at ho er ein svært habil kunstmålar. Ho er ein kreativ og refl ektert person. Som mange andre slike ligg ho frå tid til anna i nærkamp med demonane sine.

Francine er altså fødd for femtiåtte år sidan i Victoria, British Columbia. Mora insisterte på å kjøpe kleda hennar også etter barneåra. Da var Francine gut, og fløyelsbuksene og dei rosa skjortene sikra ho ein framgangsrik karriere som mobbeoffer. Ho fekk heldigvis ein ven frå Aust-Canada som var homo, og dei hang på den lokale homoklubben Sapphos.

Francine takla etter kvart kjensla av å vere annleis med hyperkonformitet, skaffa seg ei svart lêrjakke, og tøffa seg. I nittenårsalderen vart ho hovudstups forelska i ei dame. Ekteskapet gav ho trettifem? år i Forstads-Canada, år som ho insisterer på var gode. Ho var open med kjerringa om interessa for menn,som ho trefte gjennom kontaktannonsar.

Slik gjekk da åra. Konkursen i1994 endra alt. Francine, som framleis heitte Fred, måtte nordover, budde i brakke på arbeidsleirar, køyrde truckar, bygde vegar, gambla, og drakk.

Denne gongen motarbeidde ho utanforskapen ved å begynne å måle, noko som samtidig også styrkte den. Bilda selde, ho stilte ut i dei store US-amerikanske byane, fekk ein agent, tente pengar, måla meir.

Eg fekk sjå albumet hennar. Der er det mykje flott. Ho har ein sterk fargepalett, fine og kjenslevare landskapsbilde, bilde av hus som oftast er skakke, eller står vindskeive, utan at vi treng hengje oss opp i dette tilfeldige norske ordspelet. Lerretet er oftast delt opp i felt,tenkte eg. Dei ulike felta står attmed kvarandre, men er ikkje heilt i kontakt med kvarandre.

Etter sytten år slutta ho. Biletproduksjonen var blitt maskinell. Ho orka ikkje meir. Kanskje ho måtte leggje bort penslane for å få avliva Fred.

Fred, seier ho, er ein annan person enn Francine. Fred var, eg siterer, «sjenert, trist, sinna». Francine framstår heilt motsett, sjølv om ho sikkert ikkje gjer det når depresjonane rid ho. Dei skriv ho om i bloggen sin. Ho snakkar om Francine som ein person som levde inne i Fred, men som Fred ikkje kunne, eller ville, vedkjenne seg. Francine måtte likevel ut, og vart fødd for ein fem-seks år tilbake. Ho vaska huset ein dag mens kona var ute, tok fram ein av kjolane hennar, ein med glitterpaljettar, stilte seg framfor spegelen, og masturberte straks.

I løpet av den nærmaste månaden prøvde ho kjole etter kjole. Ho sa fråtil kjerringa, som Francine berre har godt å seie om. Kjerringa hadde sjølvsagt visst heile tida, og ville treffe dette nye mennesket. Da braut ho ut: Gud, så skjønn du er! Mora var også henrykt. Ho hadde fått den dottera ho alltid hadde ønska seg. Da dottera til Francine gifta seg, stilte Francine i kyrkja som Francine.

Ekteskapet tok slutt, Francine utvandra til Mexico med eit kanadisk pass som hardnakka insisterer på at ho er mann. Ho seier, og skriv, at Mexico har vore eit paradis, og at ho iallfall møter færre ope fiendtlege reaksjonar der enn i Canada. Men paradiset er jo ikkje paradis utan ein og annan orm, og ho har hatt vonde opplevingar òg. Ho slit med å vere på den naturiststranda ho bur attmed etter ei dårleg oppleving, og no i det siste har nokon skore opp bildekka hennar. Det er ikkje berre berre. Puppene fekk ho lagt inn i 2012. Kva med resten, da, spurde eg med min vanlege sarte diskresjon. Nei, kuken og ballane hadde ho tenkt å ta vare på, sa ho. Ho hadde hatt dei så lenge, og elles hadde hatt så myke glede av dei, at ho såg på dei som verneverdige. Prisen er den ikkje berre venlege oppsikta på stranda som den utradisjonelle samanstillinga av ytre kjønnsteikn vekkjer hos somme.

Før puppeoperasjonen tok ho røntgen, og da kom det fram at ho hadde lungekreft, tre svulstar. Far hennar hadde døydd av lungekreft som åttifemåring, lenka fast til eit heilt skipsverft med røyr og kablar. Francine har sett seg mot tradisjonell behandling, og satsar på gaviolafrukt, gurkemeie, og skorpiongift.

To av svulstane har gått tilbake, den tredje har spreidd seg til eit ribbein. Det ho var mest redd for, var at ho ikkje fekk puppene, som elles kosta to tusen dollar i Mexico mot tjueto tusen i Canada. No problema. Private helsesystem er jo fleksible.

Å seie at Francine er i live, er eigrov underdriving.Ho er eitt avdei mest skapandemenneska eghar råka på. Homålar, ho skriv, og same korleis morgondagenblir, har ho kome dit ho måtte, og ville. Dersomdet å vere fri er å vilje det ein må, er ho eit frittmenneske. Så: Skål for deg, Francine,seier eg.