8. Mars

FEMINISME GJENNOM TIDENE (Fra Klassekampen i dag)

• Kvinnene som på andre halvdel av 1800-talet slåst for demokratiske rettar i dag blir omtalt som fyrstebølgjefeministar. Sentrale damer var Gina Krog , Anna Rogstad, Fredrikke Marie Quam og Fernanda Nissen. Etter 30 år med kamp fekk norske kvinner stemmerett i 1913.

• Den andre feministbølgja kom på 1970-talet, blant anna som eit opprør mot husmoridealet. Dette var raudstrømpe-feministane. Det kom ei oppblomstring i krav knytt til det politiske livet, arbeidslivet, heimen og senga, som resulterte i nye lovar og ordningar. Blant anna lova om sjølvbestemt abort som blei vedtatt i 1978. Sentrale damer var: Gro Hagemann, Kitty Strand, Agnete Strøm, Berit Ås, Ellen Aanesen.

• Den tredje bølgja ville inkludera fleire grupper i det feministiske prosjektet og var oppteken av skjønnheitsideal og populærkultur. Bølgja starta på 1990-talet. Sentrale personar var: Anna B. Jenssen, Helle Vaagland, Hilde Charlotte Solheim , Marta Breen, Hannah Helseth og Cathrine Sandnes.

• I dag blir det snakka om ei fjerde bølgje. Den er oppteken av såkalla interseksjonalitet, altså at fleire slags diskriminering gjer seg gjeldande samtidig og rettar for transpersonar og folk med annan kjønnsidentitet enn kvinne og mann. I tillegg er ny teknologi blitt viktig. Markante folk er: Nora Mehsen, Madeleine Schultz, Warsan Ismail , Kristina Leganger Iversen, «dei skamlause jentene» og Luca Dalen Espseth.